Back to All Events

Soga om Sol


  • Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Sophus Lie-vegen 3 6770 Nordfjordeid, Norway (map)

Nypremiere på Soga om Sol

Etter suksessen i 2023 med utvandrarmusikalen Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk var vegen kort til å tenke på ein reprise allereie i 2025, så snart ein vart kjend med planane om eit storstilt utvandrarjubileum, Crossings 200, både i Noreg og USA . I år er det 200 år sidan den første organiserte Amerika-reisa gjekk frå Stavanger til New York i 1825 med skuta Restauration.

I over eit år har distriktsoperaen på Nordfjordeid lagt planar for ein USA-turné hausten 2025, men ein valde å avlyse turnén på grunn av den ustabile og usikre politiske situasjonen i landet. Då er det ekstra gledeleg å annonsere at ein avlyst turné i USA i staden betyr Vestlandsturné til fire utvalde kulturhus i Vestland fylke. Etter premiere 1. oktober og fire påfølgjande framsyningar 2.,3. og 4. oktober i Operahuset Nordfjord, vert det gjestespel i Stord Kulturhus tysdag 7. oktober, Oseana på Os onsdag 8. oktober, Fana Kulturhus fredag 10. oktober og i Åsane Kulturhus laurdag 11. oktober. Opera Nordfjord gler seg til for første gong å turnere lenger sør i fylket og ser fram til å vise fram den vakre historia om Sol Siljegard, som saman med eventyraren Emil Felespelar reiser frå fattigdom og overgrep til fridom og ei ny framtid i det nye landet.

Sol har ei vakker songstemme, og ho finn seg straks til rette i den nyfunne teaterfamilien sin i Danny Gold sitt Sideshow midt i New York, der det er stor takhøgd for dei som er annleis. Emil er sendt i krigen i Europa, og Sol ventar stadig på livsteikn frå han.

Årets reprise er basert på den opprinnelege regien til Michael Pavelich, denne gongen iscenesett av koreograf og regiassistent Gard Bjørnson. Det øvrige kunstnariske teamet er samansett av scenograf Anndi Bergset frå Stryn, kostymedesignar Heidi Kverndokk frå Ålesund, lysmeister Ovar Holmen frå Nordfjordeid, maskør Hege Ramstad frå Oslo og kapellmeister Bjørnar Myhr frå Ålesund.

Solistlaget er delvis skifta ut sidan førre oppsetting; denne gongen er det Nora Aurdal frå Volda som gjer rolla som Sol Siljegard, Ole Morten Velde frå Karmøy spelar Emil Spelemann, Simon Standal Pavelich spelar rolla som Danny Gold, og i det øvrige solistensemblet møter vi Sunniva Botn Honningsvåg, Runa Bergem, Martha Standal Pavelich, Thea Bjørhovde Mavropoulou, og ei rekkje dyktige, lokale musikkteaterstudentar og amatørar.

Komponist Gisle Kverndokk er i ferd med å lage en orkesterreduksjon frå 25 til 10 musikarar for å gjere produksjonen turnéklar; det vert likevel framleis full Broadway-stemning når Happy Tune fyller scene og sal!

Velkomen til ein rørande kveld med vakker musikk, ei gripande handling - delvis sann, men for det meste oppdikta - om korleis livet som emigrant frå Noreg og immigrant til Amerika kunne arte seg - denne gongen ikkje på prærien, men i storbyen New York.

Previous
Previous
September 29

Briefe von Ruth

Next
Next
October 7

Soga om Sol - Tour